"Som natt og dag"

Natt

Ho kom. Eg kjende det. Ho kom stilt, flytande.

Ho låg i lufta; duppa i vasskorpa

Kven var ho?  Ho var tida. Tida då alt tippa

For tidevatnet ba ikkje om lov; det snudde

 

Kven er ho? Tida? Kan ho fly, gå, Er ho mogen no?

Er ho ute, er ho forbi? Kan eg kaste ho bort?

Fordriva ho? Slå ho i hel?

 

Eit sug. Eg vart dratt med; utover, attover

Eg gikk meg vill mot kveld. Mørkret lukka seg kring meg

Eg vandra langs med havet

Dønningane slo og slo. Vegen vart for lang

Eg; liten, og havet så uendeleg stort

 

Tid var ikkje. Stad var ikkje

Kvar skulle eg gå? Kor kom eg frå?

Kva var fram, bak? Kva var opp, ned?

Ingen faste punkt. Ikkje eit origo, berre vertigo

Berre tomleik, fangeklede og allheims rom

Eg såg ned, men vegen hadde ingen ende

 

Eg såg skjelvande av angst mot ljoset, mot sola

Nokon kjempa for livet der ute. Dei forsvann snart i djupet

Sola hadde natta på slep. Snart ville ho drukna

Eg og sank. Kvarv. Som sola

 

Dag

Enno ein gong lyfta eg hovudet; retta eg ryggen

Såg høgare, lengre. Eit vidsyn

Det fans noko over meg. Ein dans, ein kvervel

Eit ljos, ein varme

 

Av hav steig ein himmel. Ei borg, eit alveland

Eg stod på eit atterskin

Og eg kjende: eg er ikkje åleine

Eg høyrde nokon leika der ute

Eg såg noko blinka i nattemørkret

Eit fyrlys. Eit signal om riktig lei

 

Korleis skilja solkverv frå solrenning?

Varslar mørkret ein ny morgon?

Død, ein fødsel? Enden, ei byrjing?

Mørker er ikkje. Ljos er

Eg sto, høyrde, såg

Kjende tålsemd. Kjende takksemd

 

På bredden av stranda gjekk eg meg vill

Mista vegen. Mista meg. Mista deg

 

På bredden av stranda fann eg ein veg

Fann eg meg. Fann eg deg.

Fann du meg?

     

                                                                                   Erlend Waade

 

"Uvirksomhetens timer" av Andre Bjerke

Uvirksomhetens timer!
Alle ord og handlinger forstummer
Ingen vind får kruse sommerkveldens glatte fjord.
 
Det er en skjærgårdsstillhet i ditt sinn,
der sund og viker ligger oljeblanke
og fanger skumringens forventning inn.
 
To nelliker ved stranden står som slanke
og bleke alterlys, i kveld tent
for ditt tilbakeblikk, din ettertanke.
 
Og alt i deg er aktivt innadvendt,
og alt i deg er friskhet, frø og kilde,
og alt tar del i kveldens sakrament.
 
Det er som allting i naturen vil det:
at du skal hvile!
 
Mykt som i pastell flyr måken over vannet
- lik et bilde på sjelens havblikkmøte med seg selv.
- en seiler glir i sundet.
 
Kjølvannsstrimer er alt som skjelver i den vare kveld.
 
Å, skjønne er uvirksomhetens timer!
 
 

"Son, stå opp" av Ragnvald Vaage

Eg var på ferd, kom til ei fatig kone

og skifte seng, då det var smått om plass,
med son i huset, jamlik meg i alder,
og søt kom svevnen etter dagsens kjas.

 

Eg vakna tidleg av at døri rikta
og inn kom kona stilt, med lettføtt lag,
og la si hand som signand på mi panne
og kviskra: «Son, stå opp, no er det dag.».

 

Eg smilte litt, då varast ho sitt mistak,
fekk sonen vak, og gjekk med brydde drag.
Men aldri gløymer eg den moderhand på panna,
og desse ordi «Son, stå opp, no er det dag.».

 

Eg drøymer tidt, eg som aldri kjende
ei moderhand på panna, heit og mo,
eg drøymer tidt at når eg eingong vaknar
av siste svevn, då vil eg vakne so.

 

Slå augo opp og kjenne varme hender
lik strok av sol på mine kalde drag,
og høyre milde, milde moderlippor
som kviskrar: «Son, stå opp, no er det dag.»

"Elske grensene" av Wera Sæther

Mer er vi ikke, ikke større, ikke flinkere, ikke sterkere.
Vi er ikke mer enn dette, dette lille. Disse grensene.
De er vår virkelighet, med dem skal vi lære å elske. De er elsket.
Hele tide prøver vi å sprenge dem. Vi strever for å orke det vi ikke orker.
Hvem elsker sin tretthet?
Vi prøver å kunne det vi ikke kan. Hvem elsker sin avmakt?
Hvem takker for at et annet lem på legemet kan det vi ikke kan?
Dette er vel velsignelsen, at vi fyller hverandre ut.
En er øye, en rygg og en annen fot.
Hele tiden prøver vi å våge det vi ikke våger og være det vi ikke er.
Hele tiden øver vi vold på vår virkelighet,
og hvor ofte gjør vi det ikke i Guds navn?
Vi strekker oss ut over oss selv.
Ja, forstrekker oss i Guds navn
som om det ikke var lov å være trettet og avmakt.
Som om vi var tabu, så forvillede vi er.
Han kom jo selv inn til grensene våre.
Han skammer seg ikke over dem.
Han kom og ble dem.
Han kom og ble barn.
Han kom og ble tid
Han kom og ble fattig.
Han var sulten, trett og forlatt.
Han kom og ble grense, slik elsket han oss.
Når skal vi elske oss med hans kjærlighet?

"Ett er nødvendig" av Hans Børli

Ett er nødvendig
her i denne 
vår vanskelige verden
av husville og heimløse:
Å ta bolig i seg selv.

Gå inn i mørket
og pusse sotet av lampen.
Slik at mennesker på veiene
kan skimte lys
i dine bebodde øyne.

"Hentet" av Johann Grip

Barn har en egen måte å bruke språket på.

I barnehagen der sønnen min går, blir de for eksempel ”henta”.

 

Sunniva, du er henta! Roper de, når for eksempel Sunniva blir hentet,

og Sunniva slipper det hun har i hendene, løper hvinende nedover skråningen

rett i armene på den som står ved porten og er kommet for å hente.

 

Når også jeg en gang får øye på at noen står i porten og skal hente meg

da håper jeg at det vil skje nøyaktig slik.